Den prisløna folkemusikkgruppa Majorstuen, der jølstringen Synnøve S. Bjørset medverkar, har fått 200.000 kroner i ensemblestøtte for 2008 frå Norsk kulturråd. - Dette er ei skikkeleg gladmelding å få, rett og slett ei fantastisk flott julegåve. Det er oppløftande å gå inn i det nye året med ein garanti for at vi kan få gjennomført mange av dei prosjekta vi har planlagt for 2008, seier Bjørset.
Norsk kulturråd har fordelt 15,2 millionar kroner på til saman 95 grupper innan ulike sjangrar, og Majorstuen er eitt av tolv folkemusikkensemble som får støtte. Majorstuen har motteke ensemblestøtte sidan 2004, og har med den siste løyvinga fått dobla støtta sidan starten.
- Å drive eit fritt profesjonelt ensemble er ei kjempeutfordring, og det er mange knallharde prioriteringar som må gjerast. Ensemblestøtta opnar for langsiktig planlegging og kontinuitet i arbeidet. Det er ikkje godt å seie kor vi hadde stått i dag om vi ikkje hadde hatt denne støtta, seier Bjørset.
Til grunnlag for vurderinga av eit ensemble, legg Kulturrådet vekt på ensemblet sin profil og utviklingspotensiale, samt omfang av konsertproduksjon, innspelingar og anna formidling.
Majorstuen har posisjonert seg som eitt av dei fremste folkemusikkensembla i landet, og kan vise til turnéverksemd i både inn- og utland. Gruppa har gjeve ut tre kritikarroste plater, og vann Spellemannprisen for debutplata.
Fredag kveld heldt Majorstuen første konsert i juleturnéen sin, og neste veke reiser dei til Belgia for å gjere ein siste innspurt med konsertar før jul.
Over nyttår reiser dei på skulekonsertturné i regi av Rikskonsertane, og sommaren er allereie fullbooka med festivaljobbar i Europa.