Hopp til innhold

Traktorlyd

Nationen, 15.05.07 av Laura Djupvik

Mor mi såg ein gong eit innslag frå eit kunstgalleri på tv. På ein vegg hang det ei lita samling godt brukte skvettlappar. Mor mi lurte på om det var det som var kunst. For mor mi handla kunst ikkje om skvettlappar, men om god litteratur, biletkunst og musikk. Slik har vel mange av oss stussa og tenkt vårt, ofte i det stille.

Frp-formann Siv Jensen har også tenkt slik. Men ho gjer det ikkje i det stille.

Tvert i mot. Som i landsmøtetalen fredag. "Igjen: Hvordan bruker vi skattebetalernes penger?" spør Jensen retorisk - før ho må ta ein liten latterpause - "Dette blir altså kalt kunst, man fikk 50.000 kroner i støtte for å føre opp en konsert med tolv traktorer fra femti- og sekstitallet!"

Applaus.

Nom må det vere ei trøst at 50.000 frå Norsk Kulturråd ikkje blir mange øra på kvar av oss.

"Konsert for tolv traktorer" er enno ikkje framført i Noreg. Bak prosjektet står kunstnar Sven-Åke Johansson og det er Galleri F15 som har søkt støtte.

Fleire stader i Europa har ein kunne oppleve tolv veterantraktorer brumme ut sin jubel, eller skal vi heller tru frykt for kva framtida vil bringe. Men prosjektet manglar enno fullfinansiering her til lands.

Eg trur veterantraktorane må gråte no. Då dei var unge, hadde politikarar også mange tankar om hva slags samfunn ein skulle bygge. Kva verdiar skulle til for å sikre demokrati og fred i et moderne Europa? Det handla neppe om å stanse brumminga frå ein traktor.

 

Skrevet av: Heidi Sunde
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer