PRESSEMELDING 28.09.09:Tysdag 29. september går startskottet for "Ikke bare skjønt!" - ein formidlingsturné for innkjøpsordningane for tidsskrift og sakprosa. Målet er å skape større entusiasme og auka kjennskap til tidsskrift og sakprosa i biblioteka.
I nye Tromsø bibliotek skal Stephen Walton og Siv Ellen Kraft tysdag kveld snakka om temaet biografi på kvart sitt vis. Walton tek utgangspunkt i boka Skaff deg eit liv!, som handlar om biografien som sjanger, og diskuterer korleis eit levd liv kan framstå som interessant for alle andre. Kraft tek utgangspunkt i ein artikkel ho skreiv for Nytt Norsk Tidsskrift i 2008, og kjem inn på korleis media behandla prinsesse Märtha, då hun fortalte om sitt forhold til englar for nokre år tilbake. Kva var det som gjorde at dette vart ei særleg interessant sak?
I tillegg til Tromsø, får Bergen (6.10.), Kristiansand (3.11.), Stavanger (5.11.), Oslo (10.11.) og Drammen (18.11.) besøk av sakprosaforfattarar, tidsskriftskribentar, utgjevarar og administratorar som er omfatta av og arbeidar med ordningane. Thomas Hylland Eriksen, Marta Norheim, Simen Ekern, Marta Breen og Terje Nordby er blant dei som deltar.
- Turneen følgjer same mal for dagen på kvar stad. Om føremiddagen blir bibliotekarar i heile regionen invitert til eit seminar om innkjøpsordningane, der det mellom anna blir gitt døme på god formidling ved at ein innkjøpt forfattar under sakprosaordninga presenterer sitt prosjekt, fortel Arne Vestbø, rådgjevar i Norsk kulturråd og prosjektleiar for turneen.
- Om kvelden opnar biblioteka opp for publikum, og får slik vist seg fram som gode arenaer for litteraturformidling. Her vil sakprosaforfattarar og tidsskriftutgjevarar presentere sine prosjekt gjennom føredrag, debatt eller samtale om eitt tema, som til dømes kan vere sport, litteratur, natur eller myter, seier Vestbø.
"Ikke bare skjønt!" er eit samarbeid mellom Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Norsk Tidsskriftforening, ABM-utvikling og Norsk kulturråd.
Lenke: Kulturrådet ut til folket
Kontakt:
Rådgjevar Arne Vestbø 22 47 83 37 / arne.vestbo@kulturrad.no
Informasjonsrådgjevar Mari Johansen 22 47 83 50 / mari.johansen@kulturrad.no