Bakgrunnen er at det finst svært få nedteikna fortellingar frå romanifolkets kultur. Målet er å samle inn romanifolkets eigne fortellingar for å bevare dei medan sentrale informantar framleis lever.
På sikt skal ein leggje til rette for vidare formidling. Ein ser då føre seg eit kulturformidlingsprosjekt der kunstnarar, først og fremst med romanibakgrunn, tek i bruk stoffet til nyskapande kunstnarleg verksemd. Prosjektet vil utgjere eit viktig supplement til arbeidet med dokumentasjon og formidling av romanikulturen som finn stad ved til dømes Glomdalsmuseet , Telemark Museum og Karmsund folkemuseum .