Hopp til innhold

Skateboard på museum

Ei utstilling på Maihaugen skal kaste lys over skateboardmiljøet, som ofte føler seg misforstått, stigmatisert og svikta av storsamfunnet. Museet vil ta problema og utfordringane skatarane møter i kvardagen på alvor. (24.04.06)
Konkret blir det lagt vekt på å kartleggje og utdjupe forteljingane og opplevingane til skatarar frå Lillehammer, Hamar og ein tettstad i Nord-Gudbrandsdalen. Dokumentasjon i form av intervju, film og foto utgjer grunnlaget for den fysiske utstillinga, som vil bli supplert med ein skaterampe på museumsområdet. I tillegg skal det lagast ein katalog. Ungdommane skal sjølve vere med på å utforme utstillinga, som er støtta med kr 200 000 frå Kulturrådet.
Skrevet av: Riikka Taipale
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer