Komponist Lars Petter Hagen og videokunstnar Unn Fahlstrøm står bak verket, som er ein samproduksjon mellom SKINN (Samorganisasjon for kunstformidling i Nord-Norge) og Bodø Sinfonietta.
Kunstnarane vil i løpet av sommaren 2006 reise rundt til ti spelestader for å filme og ta opp lyd. Stadene ligg spreidde i heile Nord-Norge, og kunstnarane ønskjer å gjere seg kjende med eigenarten på kvar stad for å skape eit stadspesifikt uttrykk.
Bodø Sinfonietta vil framføre verket ”live” med kunstvideo på storskjerm, med urframføring under samtidskunstfestivalen Mørke Nu i Bodø i november 2006. Verket skal deretter framførast i kunstforeininga på kvar spelestad. Desse lokala får dermed ei ny rolle som formidlar av tverrkunstnarlege arbeid og videokunst. Verket skal òg gjerast tilgjengeleg som video og lydbilde på tape – uten orkester.
Kulturrådet gir 500 000 kroner til prosjektet.