Tre stammars møte i Varanger
Kulturrådet løyver 200 000 kr til eit samarbeidsprosjekt mellom Tromsø Museum, Vadsø Museum og Varanger Samiske Museum. Temaet er samisk, kvensk og norsk bruk av landskapet i Varanger. (24.04.06)
Målet er å auke kunnskapen om korleis desse etniske gruppene har nytta landskapet og kva kulturelle, landskapsmessige og biologiske konsekvensar bruken har hatt. Prosjektet går ut på å registrere og dokumentere gjennom intervju og foto, med konsentrasjon om tre lokalitetar i regionen: Bergebydalen (samisk), Ekkerøy (norsk) og Skallelv/Skallnes (kvensk). Resultatet vil bli publisert i relevante fagtidsskrift og -bøker. I tillegg er det lagt opp til populærvitskapeleg formidling retta mot eit allment publikum. På kvar av lokalitetane blir det etablert skilta natur- og kulturstiar som òg kan nyttast av skular.
Skrevet av: Riikka Taipale
Sist endret: 15.04.2009