VideoIbsen
VideoIbsen er ein nasjonal filmkonkurranse der ungdom blir invitert til å lage kortfilm med utgangspunkt i eit sitat frå verka til Ibsen. (05.01.06)
Dette skal skape interesse for Ibsens dramatikk og auke filminteressa blant ungdom mellom 15 og 19 år. Skien kommune, som har det nasjonale ansvaret for prosjekt retta mot barn og unge i Ibsenåret 2006, skal arrangere hovudfinale for dei ti beste kortfilmane, som er plukka ut i eigne landsdelsfinalar.
Ei arbeidsgruppe med ungdom skal kome med innspel til utforming, planlegging og gjennomføring av konkurransen. Trafo.no vil sørgje for annonsering av konkurransen og framsyning av hovudfilmane. I samarbeid med Trafo.no vil det òg bli arrangert workshops for ungdom i samband med hovudarrangementet. Kulturrådet gir 400 000 kroner til
VideoIbsen.
Skrevet av: Riikka Taipale
Sist endret: 15.04.2009